Norsk Industriarbeidermuseum
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.

19. april kl. 19:30 - 21:00

Konsert med Norsjø Kammermusikkfest

Klassisk konsert med unge musikere på høyt nivå.
Plakat for Norsjø Kammermusikkfest
Plakat for Norsjø Kammermusikkfest.

Norsjø kammermusikkfest er ein ung festival med ein ung profil. Målsettinga er å presentere unge musikarar på eit høgt nasjonalt nivå, og vi er stolte av å vise fram musikarar som er i starten av ei forventa stor karriere.

Årets festival vil og vere med å markere 200-årsjubileet for A.O Vinje sin fødsel og i tillegg Edvard Grieg sitt 175-årsjubileum, to store nasjonale kunstnarar som har ytt sterke bidrag til nasjonsbygginga som starta i andre halvdel av 1800-talet og som har laga tekstar og musikk som er like aktuell i dag.

Fylgjande artistar kjem til Norsjø kammermusikkfest 2018:

  • Sara Ôvinge, fiolin
  • Johanne Haugland, fiolin
  • Eivind Holtsmark Ringstad, bratsj
  • Ivan Valentin, cello
  • Vegar Vårdal, hardingfele / fiolin
  • Pierre Xhonneux, klarinett
  • Jørgen Backer, sang
  • Stine Steingrim Levvel, sang
  • Josephine Hsieh, piano
  • Øyvind Sundsvalen, piano
  • Dorina Komani, piano

Meir informasjon om festivalen, konsertane og musikarane vil du finne på nettsida-www.norsjokammermusikkfest.no

Pris: 250,- (barn og unge t.o.m 19 år – gratis)