fbpx
Norsk Industriarbeidermuseum
Laster Arrangementer
  • Dette eventet har allerede funnet sted.

4. februar 2020 kl. 19:00 - 20:30

Sted

Telemarksgalleriet
O.H. Holtas gate 27
Notodden, 3678 Norge
+ Google-kart
Hjemmeside:
nia.no

Ein mann som overlevde alt

Ottar Haugland overlevde sjølvmordspille, dødsleir og dødsmarsj i kampen mot nazismen. Tirsdag 4. februar held Svein Sæter, som har skrive historia om Ottar sitt liv, bildekåseri på Verdensarvsenteret på Notodden.
Svein Sæter med boka han ga ut sist haust: «Krig. Mor. Bror»

–  Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, fordi ho viser korleis menneskeverdet kan overvinne bestialiteten, seier Svein Sæter. Boka om Ottar Haugland er blitt kalla «ei lysande historie om den mørkaste tida i menneskets historie». Sæter har tidlegare mellom anna skrive ei kritikarrost bok om Knut Haugland. Knut fortalte Sæter om Ottars dramatiske opplevingar.

–  Krigsåra, og alt dei førte med seg, er med i det vi som Verdensarvsenter skal formidle. Haugland-brørne har ein viktig plass i dette. Derfor har vi invitert Sæter til å halde dette foredraget, som er ein del av møteserien vår i 2020, seier Halvor Sælebakke, avdelingsleiar ved Norsk industriarbeidermuseum.

Inngang kr 100,- inkl. kaffe og vaffel.