fbpx
Norsk Industriarbeidermuseum

En kiste som ble til to

Alle objektene museet har i sine samlinger bør ha en bruks og opphavs historikk og en beskrivelse knyttet til seg, men det er langt i fra tilfelle på alt museet har i sine samlinger pr. i dag. Derfor er vi avhengig av at publikum kommer med tilbakemeldinger når de ser ting de kjenner igjen eller har en fortelling om. Dette gir objektene en kontekst, en historie, som kan videreformidles til våre etterkommere.

Tingene museet tar i mot og bevarer er ting vi skal ta vare på i uoverskuelig fremtid, derfor er kontekstualiteten veldig viktig. Det er ikke sikkert at det er selvsagt om 100 år hva man brukte en fjernkontroll til i 2020. Derfor må dette beskrives!

Det samme gjelder objektenes historie. Når ble den laget, hvem laget den, hvorfor ble den laget og til hvem? Dette får vi ofte greie på gjennom den som gir objektet til museet, men noen ganger er selv denne informasjonen ikke riktig. Dette var tilfelle for en kiste museet hadde fått inn i samlingen som en testamentarisk gave fra Barbro Øysteinsdatter Myre/Skavlebø. Hun ble født i 1887 og hun sørget via sitt testamente for at denne kisten ble gitt til museet. I historien om kista står det at den antagelig kommer fra Bjåen i Bykle. Dette er med bakgrunn i at bestemor (mormor) til Barbro, Ragnhild Halvorsdatter kom fra Bjåen og ble gift med Ola Madserud i Austbygde. så altså var det ikke Barbro selv som kom med denne informasjonen, men dette ble antatt da kisten ankom uten noen beskrivelse til museet.

Tor Dale Svendsen kontaktet museet med en spennende historie, han hadde fått tak i denne kistens tvilling. Dermed begynte ballen å rulle angående kistens historie. Tor gjorde en flott innsats for å finne historien til begge kistene og plutselig var hele dens opphav og historie forandret. Resultatet av dette ble en helt ny tekst på museets publiserte objekt post om kista på Digitalt Museum og en flott historie om Tinns bygdeliv på kjøpet.

Du kan se kista på Digitalt Museum.

Her kan du lese hele historien fra Tor Dale Svendsen:

Historia om to kister

I 1966 fekk Tinn Museum ei rosemåla kiste som testamentarisk gåve. Ho som testamentera kista til museet var Barbro Øysteinsdotter Skavlebø fødd 13.juli 1887, ho døde 9. august 1966. Barbro var ei «gåmål jente» som me si i Tinn, ho var altså ugift. Ho blir hugsa som eit snilt, godlynt og fintfølande menneske, som var aleine på sine eldre dager. Denne kista var hennas kjæraste eigendel, og for å sikre kista og minne om morsslekta hennas for ettertida, ville ho at kista skulle på museum i Tinn.

Foreldre til Barbro var Øystein Knutsson Hesjukåse 1839-1908 og Ingeborg Olsdotter Tangen 1846-1924, dei gifta seg 28 juli 1880 i Atrå kyrkje. Øystein og Ingeborg budde fyrst på Myre i Austbygde, og seinare kjøpte dei nord Skavlebø (Skålbø) og kom dit. Øystein var kjend som ein god timmermann, skimakar og skiløypar, det er mange hermer etter han. No var det slekta på morsida si som Barbro var oppteken av at ikkje skulle bli gløymd. Mora Ingeborg sine foreldre var Ola Øysteinson Sjøtveit/ Tangen 1816-1890 og Ragnhild Halvorsdatter Bjåen 1820-1904. Ola og Ragnhild gifta seg 19. juli 1845 i Vinje kyrkje, og Ingeborg vert fødd på Bjåen året etter, Bjåen var ein heigard ved Breivatn mellom Bykle i Setesdalen og Grungedal. I 1847 kjem Ola heimatt til Tinn med kona Ragnhild og dottera Ingeborg, dei vert husmenn på fleire små dårlege husmannsplassar under Sjøtveit heile si levetid. I Austbygde gjekk dei under namnet Bjåen og Bjåa, dei hadde seks ungar og det var jamt skralt for dei, Bjåa gjekk jamt og tagg på bygde for at dei skulle få mat på bordet. Bjåa hadde nok mykje etter mor si Gyri som og var ei kvinne som var arbeidsom og godlynt og ofte fekk det som ho ville. Det var nok desse kvinnene i slekta Barbro var opptatt av at ikkje skulde gløymast, Barbro var også den siste av Bjåen-slekta i Tinn.  Når kista vart gjeve til Tinn Museum og i tillegg hadde denne slektshistoria som bakgrunn vart det sjølvsagt nærliggande å tru at kista var komen til Tinn med Ragnhild frå Bjåen.

Sumaren 2019 er eg så heldig at eg får ei kiste frå Berg i Austbygde, denne kista var det ikkje nokon kjend forhistorie på, og eg grubla mykje på opphavet. Etter kvart slo eg meg til ro med at eg ikkje fann ut noko sikkert om kistas opphav og historie. So sit eg no i mars og ser på bilder av gjenstandane i arkivet til Norsk Industriarbeidermuseum på Digitalmuseum.no, og plutseleg ser eg bilder av kista som eg hadde fått frå Berg. Da skjønna eg kort og godt ingenting, kvifor har museet bilder av kista mi?  Etter ein nærmare kikk så ser eg at initialene er ulike, ellers er alt anna likt. Kista på museet har påskrifta: AKD Ano 1794 og kista mi har påskrifta: KKSS Ano 1794, ut frå dette veit eg at kista på museet er måla til ei dame og kista mi er måla til ein mann.                                                                                                 No byrjar det å bli veldig interessant, og det her må løysast. Fyrste oppgåve er å finne koblinga mellom Barbro Ø. Skavlebø og kista mi frå Berg, da er det ein fordeil å være slektsforskar. Dette løysast enkelt, for ein potensiell tidlegare eigar av kista eg hadde fått var Ole Olsson Berg (Storbergen) 1873-1963. Mor hans var Ragnhild Knutsdotter Hesjukåse 1846-1929, ho var syster til Øystein Knutsson Hesjukåse, so Barbro Ø. Skavlebø og Ole O Berg var syskenborn.

Da er det klart at begge kistene har vore i denne slekta på Hesjukåse, men kistene er eldre og det må leitast meir for å finne opprinnelsen. Far til blant anna Øystein og Ragnhild Hesjukåse var Knut Kjetilsson Sønstebø/Hesjukåse 1796-1865, han var gift to gonger og hadde mange barn. Andre gongen gifta han seg 23.juli 1838 med Barbro Årsteinsdotter Hægardhagen 1804-1891. Knut og familien var husmenn på mange garder og plassar både i Tessungdalen og Austbygde, til slutt kjem dei til Hesjukåse og Knut døyr der. Enka hans Barbro får feste på Hesjukåse seinare. No byrja det å bli verkeleg interessant tykkjer eg, namn på K var det også, og det er Knut Kjetilsson si slekt som er interessant i so måte. Vidare bakover på slekta hans på Sønstebø finn eg Knut sin far, Kjetil Kjetilsson Sønstebø fødd omkring 1737 og død på sud-Sønstebø i 1809, han var enkemann da han i 1788 gifta seg med Aslaug Knutsdotter som var fødd omkring 1755.

Desse folka var nok velstandsfolk, dette visast i skifte etter Kjetil i 1809 for det var på heile 953 riksdalar netto. Her har me ekteparet som kistene blei laga og måla for.
Kjetil KjetilSon Sønstebø- KKSS og kona Aslaug KnutsDotter –AKD har i 1794 fått laga og måla kvar si kiste for seg. No er historia om to kisters vandring klarlagt for ettertida.

Det som så vert eit spørsmål er kven som kan ha snikkera og måla desse kistene i 1794 på Sønstebø i Tessungdalen. Utvalet av lokale handverkarar på denne tida er no ikkje veldig stort, så tankane gjeng fort til Knut Tomasson Rue/ Skårberg 1753- 1820. Det er lite ein kjenner til av eldre måling frå Tinn, det meste er frå etter1800. «Med unntak av Knut Tommasson er alle namn på målarar eg kjenner i Tinn frå 1800 talet, seier Øystein Vesaas» Knut var ifrå Rue i Luråsgrende, og vart gift med Gjertrud Halvorsdotter Skårberg, dei overtok Skårberg i 1786 og vart buandes der. Knut var av ei gåverik ætt og han meistra både snikkering, treskjering og måling, og han meistra også å lære bort talenta sine, alt han gjorde var skikkeleg og fint gjort vert det fortalt. Johan Meyer set han høgt som kunstnar, sjølv om han nok var ein større meister som snikkar og treskjerar enn som målar.

Tor Dale Svendsen, Tinn Austbygd 19.03.2020

 

Kjelder:
Rosemaaling i Telemark, Øystein Vesaas
Bygningskunst i Norges bygder, Johan Meyer
Tinnsoga, Halvor Einung
Rjukan Arbeiderblad på Nasjonalbiblioteket.no
Digitalmuseum.no
Kyrkjebøker for Tinn og Vinje
Privat arkiv hjå Tor Dale Svendsen og Sonnev Lurås

 

Du vil og like